Øystein Øygarden er redaktør i Vest-Telemark Blad og konstituert styreleder i LLA.
Øygarden har arbeidd i Vest-Telemark blad sidan 2003 og vore redaktør sidan 2014.
– Etter 16 år i avisa blir eg faktisk bare meir og meir glad i å jobbe i ei lokalavis som er tett på lesarane kvar dag. Ingen sak/tema skal vera for stort for VTB. Og ingen sak er for liten til å kome i avisa, seier Øygarden.
– I dag prøvar me så godt me kan å lage eit godt papirprodukt to dagar i veka (tysdag og fredag), samstundes som me vil at lesarane våre skal tenke Vest-Telemark blad heile tida med godt innhald på vtb.no. Det er krevjande, men veldig moro.